TROND LOHNE: Dikt og songar du aldri har høyrt på radio

Dikt og songar du aldri har høyrt på radio er debutboka til Trond Lohne (66). Som lesar får du seksognitti sterke sider med hundre prosent ekte vare. Her er alvor og skjemt i god blanding med ein solid dose lokalkoloritt. Boka er eit salig samansurium av livsfilosofi og åndelege tema, politikk, kultur, arbeidsliv, fotball, festing og jamvel endå meir pikante og saftigare saker. Enkelte dikt er på grensa til nynorsk smusslitteratur – noko ein sjeldan får kjøpt over disk her til lands.

Fremst i boka står eit portrett av diktaren. Jo Are Vik skriv overraskande lite om dikting og desto meir om fotball og felles oppvekst i Lonevåg på syttitalet. Boka er illustrert med foto frå den tida verda var i svart kvitt.


Ved førehandsting av boka er prisen 200 kr. Fraktfri levering til Osterøy. Skriv om du ønskjer signert eksemplar. Ved sending med posten, kjem porto kr 49 i tillegg. Boka blir lansert med eit heidundrande bokslepp i Osterøykroa i Lonevåg fredag 1. september klokka 19.   

kr 200,00