Leirfuglen Forlag

Leirfuglen Forlag er eit einmannsforlag drive av Bjarte Vik. Forlaget har base i Lonevåg på Osterøy. Nynorske kvalitetsbøker er det Leirfuglen satsar på. Forlaget gjev ikkje ut mange titlar kvart år. Eit overordna prinsipp er at forlagssjefen berre engasjerer seg i prosjekt han synest det er moro å jobba med. Slikt blir det gode og gjerne litt spesielle bøker av.

Bjarte Vik har jobba som lektor ved vidaregåande skular i mange år, men hoppa av tredemølla for å følgja draumen om å bli forfattar og gje ut eigne og andre sine bøker. Han var redaktør for 100 års jubileumsboka til Osterøy IL i 2018, eit regelrett praktverk, om han skal seia det sjølv. Mange kjenner nok Bjarte som langdistanseløpar og treningsguru. Fleire idrettshistoriske bøker er under arbeid - og denne gongen på Leirfuglen Forlag!  

Leirfuglen Forlag har fått namn etter debutboka til Berit Vatne Vik - mor til forlagssjefen. I ein alder av 66 år debuterte Berit på Samlaget med Leirfuglen i 1999, og ho har gjeve ut åtte bøker. Tre bøker er gjevne ut på Leirfuglen. Siste roman ut er den vakre og gripande Dagen om natta.

«Indieforlag» vert ofte slike mikroforlag eller einmannsforlag kalla. Leirfuglen kallar seg heller for eit indianarforlag - og det frå ville Vestlandet! Sjølvsagt kjempar indianarane mot overmakta frå alle cowboyane i marknaden, men som me hugsar frå leiken i barndomen: Alle dei snille gutane ville vera indianar.

Følg Leirfuglen på Facebook og Instagram:
https://www.facebook.com/leirfuglen/