Draumen om Hallgjerd

Torarin Gudrødson har lova den døyande presten Patrick å levere attende ein relikvie til St. Gallenklosteret ved Bodensjøen, og vårjamdøger i året 981 dreg han sørover med eit skip. Det er langt til St. Gallen, og oppdraget er farefullt. Ingen veit at han har ein draum om å møte Hallgjerd på Hjaltland før sola snur.

Denne svært spennande forteljinga frå vikingtida er den fjerde boka i serien om Gudrødsønene på Fitjar. I Leirfuglen (1999) og Reise med vinden (2000) er det den oppdikta sonesonen til Eirik Blodøks, Gudrød, som er hovudperson. I Rop over havet (2007) og Draumen om Hallgjerd (2009) er det son hans, Torarin, handlinga dreier seg om. Ein treng ikkje ha lese dei andre bøkene i serien før ein gjev seg i kast med Draumen om Hallgjerd.

Boka kom ut på Samlaget i 2009.  

kr 150,00