BERIT VATNE VIK: Då menneskeverdet vart rekna i kufôr

I denne boka tek forfattar Berit Vatne Vik (f. 1933) oss tilbake til barndomen hennar i Nordhordland. I korte forteljingar gjev ho lesaren glimt frå ei heilt anna tid - då det var synd for jenter å gå i bukser og størrelsen på garden avgjorde statusen din i bygda. Me får også vera med den unge strilejenta ut i «den store verda» - til huspost i Fana og lærarskule på Stord. Tekstane ligg tett opp mot novelleforma. Mange av dikta hennar er også samla i boka. Fleire av dei er skrivne på dialekt. Då menneskeverdet vart rekna i kufôr er illustrert med foto og forfattaren sine eigne teikningar og måleri frå 1940- og 50-talet.

Berit Vatne Vik er vaksen opp på Seim i Nordhordland, men har vore busett på Osterøy dei siste 50 åra. Ho har gjeve ut sju romanar - den siste, Bakom kvite skyer i 2017.  Hausten 2019 kjem Leirfuglen Forlag med ei ny utgjeving av den største romansuksessen hennar, Dagen om natta.   

kr 200,00