Øya med dei fem fjella

Splitter ny

Fæle troll, vondskapsfulle trollkjerringar, dyr og fuglar som kan snakka, folk som opplever dei mest utrulege ting. I denne samlinga av irske eventyr finn du alt dette og meir til som høyrer heime i ei eventyrbok. Irland, den grøne øya, kan ikkje berre by på vakker folkemusikk og praktfull natur, men er breiddfull av segner og soger, og er eit eventyrland i meir enn ein forstand.Øya med dei fem fjella er ei nynorsk utgåve av ei bok som opphaveleg kom ut på Steenske Forlag i 1922. Eventyrsamlinga var skriven av folkloristen Reidar Th. Christensen og hadde illustrasjonar av Valery Carrick. Den pensjonerte journalisten Bjørn Morken fann tilfeldigvis denne perla i eit antikvariat og omsette boka frå riksmål til nynorsk. I eit føreord løftar Morken fram dei to opphavsmennene og heidrar innsatsen desse gjorde innan sine fagområde. Dei flotte teikningane til Valery Carrick illustrerer også denne nye boka.  

Øya med dei fem fjella er full av spenning og mystikk, til glede for lesarar i ulike aldersgrupper. Len deg attende i godstolen og lat deg riva med av innhaldet!

Sending med posten blir fakturert 49 kr ekstra. 

kr 249,00