OSTERØY IDROTTSLAG - GJENNOM 100 ÅR

Osterøy IL fylte 100 år i 2018. Jubileumsboka «Skarphedin, Mjeldalen skilag, Sterkodder & Osterøy Idrottslag - gjennom 100 år» er eit prakteksemplar på godt over 300 sider, fylt til randen med gode historier og bilete frå 100 idrettsglade år. Boka er òg eit lokalhistorisk dokument for heile Osterøy og mange nærliggjande område. Mellom permane finn ein mykje gull for alle idrettshistorisk interesserte vestlendingar. 

Ansvarleg utgjevar er Osterøy IL. Forlagsjef i Leirfuglen, Bjarte Vik, er redaktør for jubileumsboka.  

Idrettshistoria omfamnar mange! Her finn ein historier om skøyter, marsj og kappgang, kvinner som måtte konkurrere i skjørt og skirenn med utforkøyringar brattare enn unnarennet i hoppbakken på Hatland som aldri vart realisert.

Friidrett har vore med i alle dei 100 åra, frå det første heimelaga spydet vart kasta på Brubakkane til Sigrid Borge sine EM-kast i jubileumsåret. For den som elskar fotball finn ein både grus og gras, opprykk og nedrykk, og lokalderby med så høg temperatur at utfallet kunne vera avgjerande for om ein i det heile teke gjekk på arbeid måndag morgon.

Volleyballdamene sette Osterøy på volleyballkartet gjennom mange år, også basketballen har hatt si tid i Osterøyhallen. Handballen har utvikla seg frå ein utandørsidrett på ei ujamn grasmatte på Brubakkane eller på ferjekaien i Haus, til ein populær innandørsidrett. Turn for små og store, grasiøse sprett og turndrakter frå eit minneverdig 80-tal vil glede mange. Orientering i skogane har og vore ein del av historia. Ein skal heller ikkje gløym sykkel, både med og utan motor. Ikkje minst har utviklinga av sentralidrettsanlegget på Hatland har vore viktig for idretten og heile lokalsamfunnet.

kr 350,00