Påsketilbod på bøkene til Berit Vatne Vik

03.04.2023





Kvalitet kostar, så det er ikkje ofte forlaget strør om seg med lokketilbod. Men sola varma såpass denne palmehelga at me slår til med påsketilbod på desse tre bøkene til Berit Vatne Vik. For kr 449 får du alle tre samla på eit fat - altså tre bøker til prisen av to. Dette er rundt 700 gram nynorsk kvalitetslitteratur som verkeleg fortener å finna nye lesarar. Bøkene er lagringsdyktige og står seg til neste gong du skal gje ei gåve. Bestill på nettbutikken (rabatten blir trekt frå) eller send mail til leirfuglen@online.no. Fraktfritt levert i nærområdet, elles kostar det ein snau femtilapp.