Intervju med Berit Vatne Vik

25.11.2019

Hausten 2003 sende Bergen bibliotek ut ein serie spørsmål til forfattarar frå Vestlandet. Her er intervjuet med Berit Vatne Vik:

Korleis ser arbeidsdagen din ut?
Eg jobbar best i grenselandet mellom søvn og vaken tilstand. Då ser eg det som skal skrivast. Difor er eg alltid søvnig om morgonen, og kjem seint i gang med alt som må gjerast i ein manns hus. Å få tekstane ned på papiret går litt i rykk og napp når alt anna arbeid er gjort. Seine kveldar. Eller: Eg sopar av bordet og skrik: NO SKRIV EG!

Kva er bakgrunnen din?
Eg lærde bokstavane i 5-års alderen og byrja med ein gong å formidla eit eller anna. Var "skåpskrivar" i to mannsaldrar før det gjekk opp for meg i all si gru at eg måtte ARBEIDA med saks.

Litterær tradisjon?
Eg har lyst til å formidla noko som gjer verda betre! Så eg trur nok at eg tilhøyrar den tradisjonen der forfattaren vil "forandre verden". Har alltid vore tiltrekt av historie og naturen, og har nok snakka litt med Sagalitteraturen, særlig Snorre. Elles har eg hatt mykje glede av å lesa bøkene til Amalie Skram, Kinck, Duun og Vesaas, og tek gjerne mot gode råd frå dagbøkene til Olav H. Hauge.

Kva er det som driv deg til å skrive?
Å skriva var liksom det eg skulle gjera her i livet.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?
På Shetland våren 2000 - då eg skulle sjekka at det som stod i manuskriptet til Reise med vinden stemde. Å kjenna på kroppen at her hadde hovudpersonen min vore, og her hadde han ikkje vore. Til slutt trudde eg at han hadde levd. Eg såg han springa over torvmyrane medan bussen eg sat i køyrde nordover mot Tingvollo.

Biografi og minne i egen skriving?
Desse tre første bøkene mine er historiske forteljingar, der eg har halde meg i skjeringspunktet mellom sanning og løgn. Til dømes hadde hovudpersonen i dei to bøkene om Gudrød Gudrødson ei historisk farsslekt og ei oppdikta morsslekt. Landskap og tid må vera nokolunde truverdig. Tre år for seint har eg i 2003 vore på Orknøyane og sjekka at alt stemde i bok nr. 2. Så no er eg endeleg ferdig med den. Det er viktig for meg at det som skal vera sant, er sant. Og når eg lyg, skal lesaren tru det også. Min eigen biografi brukar eg ikkje, anna enn i nokre barneforteljingar som ingen forleggjar vil gje ut. IDagen om natta har eg brukt historia om den spedalske søster til oldermora mi. Har bruka rette namna på personar som levde då, og ymse hendingar og minne i slekta. Men det aller meste har eg skrønt saman så sannferdig det let seg gjera. Eigne "minne" har eg helst brukt i skildring av naturopplevingar.