Kurt Olav Helle - ein villvekst i norsk offentleg fauna

25.03.2020

I januar 2004 erstatta Kurt Olav Helle musikaren Hans Rotmo i den faste laurdagsspalta «Tankestrekk» i Nationen. Kulturredaktør Vidar Kvalshaug var nøgd med signeringa og gav skribenten følgjande attest: «Kurt Olav Helle er ein villvekst i norsk offentleg fauna. Slike treng avisa Nationen, som skil seg litt ut frå andre aviser. Det er eit sakn i norsk offentleg debatt at alle er like politisk korrekte. Kurt Olav Helle er verken lik andre, konform eller politisk korrekt.» 

Her er det første kåseriet Kurt Olav skreiv i Nationen. Det og fleire andre "Tankestrekk" kan du lesa i boka Frå Lonevåg til Hollywood - Bygdaurbanist med skrivekløe 


SKJER DET NOKO PÅ UNGDOMSHUSET I KVELD?
Ein gong i slutten av 70-åra var Hans Petter Hansen i grendahuset i Fotlandsvåg på Osterøy, eit av dei mange bygde- og ungdomshusa nord for Bergen. Her om dagen var han tilbake i Tommys pop show på TV 2 og song gamle hitlåtar. Det stend te liv i «gamle kroppar» med andre ord. I fyrste helvta på 80-talet opptredde gamle gruppa til Morten Abel på Osterøy i ungdomshuset på Grønskaret. På den tida hadde gruppa Mods med Morten Abel store hitlåtar på landsbygda med mellom anna Tore Tang og Du e mislykka du.

Ut på kvelden reagerte ostringane og dei andre frammøtte på høg lyd, og stappa dei opne høgtalarane full av boblejakker. Morten Abel rasa, og Mods vart fort ferdige med opptreden denne kvelden. Dei frammøtte hadde synt «heimaspøta Equaliser» for urbane rockarar som trudde dei var kongen på haugen.

Ei tid etter blafra livet på ungdomshusa vekk smått om senn. Under heile 70-talet og fyrste helvta av 80-talet var avisene fylt opp med annonsar for dansebandopptreden, der det fanst eit lokale. Striledansar var ikkje berre for dei «innfødde», men òg for dei «sø` i bydn».

Dette var tida før ungdomane burna rundt i busslomma og ropa «eg vil ha høna» til ryper som gjekk forbi. Sosialhøgskulen hadde ikkje sendt ut sine disiplar til Bygde-Noreg, for å organisera dei «uorganiserte». Fotballen hadde rekruttering i fullt monn, og påmeldinga til fotballfestane var alltid fulle. Trenarar frå fastlandet forstod snart at «gras var for sauer» og «grus var for menn», og at dei stundom vann kampar, og klarte uavgjort mot bylag frå fastlandet, sjølv om spelarane var vaktar eller deltakarar under dansen, som t.d. fotballaget arrangerte kvelden før. 

Den sokalla «uorganiserte ungdommen» gjekk på dans om laurdagskveldane, med både syndarar og dei skapkristne på bygdakinoen på sundag.Den frilynde ungdomsrørsla hadde fått utvikla seg fritt på bygda, og arven frå dugnadsånda frå dei som la stein på stein og bygde dei fyrste ungdomshusa på slutten av 1800-talet, vart halde i hevd av di det skjedde noko på lokalet.

At dei urbane rockarane låg litt forut si tid, og hadde tilgang til betre forhold med Kurer-radioen under dyna, med siste nytt frå Radio Luxemburg, gjorde sitt til at ikkje alt fall i smak. Det kan sikkert dansebandet frå Bergen ein gong på byrjinga av 70-talet hugsa, som endå bygdafrette fortel, som vart kasta på sjøen nedanfor ungdomshuset ved ferjeleiet, etter å ha «røkje» uklar om låtvalet, for å ha prøvd seg på ein endelaus solo med sterke Jimi Hendrix-referansar. Publikum gjorde kort prosess, og bad dei pakka seg saman og fjelga seg på håret, og heller terpa meir på Buck Owens og Jim Reeves.

So seier soga, at det skjedde i dei dagar. Men dansebanda sø` i bydn tok hintet og øvde inn Creedence og Stones og fall i smak so lenge kvelden vart avslutta med Wonderful Tonight med Eric Clapton. 

Stjerner som Morten Abel kom aldri igjen. Boblejakkene er tekne ut frå høgtalarane, og ein er opne for impulsar. Det er berre det at ein bør fjelga seg når bygd og by møtest til kappleik på lokalet, viss då ungdomshuset er der lenger i grenda. Det er mogeleg det skjer meir i andre grender som har lengre veg til urbane strok. Problemet er at lokalet er for lite, eller at arrangøren ikkje torer. Folk sit heller heime og diggar Idol-artistar med playback. Det vert ikkje liv av det. No må me kvitta oss med sosionomiseringa, og la dei uorganiserte få meir rom.

Det som er i ferd med å skje her ute på bygdene i rein frustrasjon, er at folk har laga til sine eigne små sokalla «festlommer», der ein susar rundt utan mål og meining, medan terningane og Wunderbaumen under spegelen skakar fram og attende. Det var ikkje sånn dei tenkte det, dei iherdige dugnadsslitarane som bygde opp ungdomshusa rundt om i vårt langstrakte land.«Me har ikkje meir moro enn me lagar sjølv», heiter det.

Her om dagen såg eg ein handskriven plakat der det stod at det var Rave Party på lokalet. Tida går framover i Bygde-Noreg, men eg stiller spørsmål om kvifor det framleis vert arrangert diskotek, når ein knapt klarar å samla ein handfull folk? John Travolta og Saturday Night Fever kom til Bygde-Noreg ein gong på 70-talet, og «han spøkjer» enno. Så i byen kallar ein det «klubb» og trekkjer huva ned over andletet som eit surra «dophovud». Her på landet blanda ein før Sats og Gøy (saft) og fekk det retteleg skøy på lokalet. Men det var før Noregs helse- og sosialhøgskule sende sine disiplar for å satsa på førebyggjande arbeid blant «fortapte sjeler».

Men med det forsvann dugnadsånda og festen på lokalet. Men det står det ingenting om i pensum på Sosialhøgskulen.

Kurt Olav Helle, Nationen 17.01.2004

Foto: Kurt Olav Helle med "damefølgje" på BIFF-premieren for "Kule Kurt 2" hausten 2019. Fotograf: Pål Winsents.