BJARTE VIK: Idrettsliv i Hjellvik-bygda gjennom 100 år

I 2019 fyller Hjellvik IL 60 år. Men idrettslivet i bygda starta alt under første verdskrig, då ein gjeng lokale unggutar i nokre år dreiv idrettslaget Snøgg. Boka nøstar opp i dette nesten ukjende kapittelet av kulturhistoria på Osterøy.

«Vi mangla idrettslag, men ikkje idrett», heiter det om perioden fram til 1959. Boka gjev nostalgiske og morosame glimt frå fotballkampar på Brubakkane og Raknesholmen, ekstremskiturar til Brøknipa, friminuttsleik og farefulle stavhopp med hesjestaur på skuleplassen, 17.-maistafettar mellom bygdelaga og glanstida til guteklubbane på femtitalet. Med varme og humor ser fleire gjesteskribentar tilbake på oppveksten - då det var «vinter om vinteren og sommar om sommaren».

Våren 1959 heldt Hjellvikvåg IL sitt første styremøte i ein rutebuss. Friidrett, langrenn og orientering stod på programmet, men snart femna idrettslaget breiare. Boka skildrar gullalderen for skiidretten på 1970-talet, åra som stadgruppe i Osterøy IL, skipinga av Hjellvik IL i 1986, sesongane med A-lagsfotball, samanslåinga med Valestrand IF, den sterke dugnadsånda og den unike utbygginga av idrettsanlegg dei siste par tiåra. Og sjølvsagt mykje, mykje meir.Boka er ei herleg blanding av fakta, muntre historier, små tilbakeblikk frå aviser og årsmeldingar - og ikkje minst tekstar frå gjesteskribentar med stor forteljarglede. Den er eit viktig bidrag til vår nære kulturhistorie og bør vekkja leselyst og interesse langt utover Hjellvik-bygda.

Idrettsliv i Hjellvik-bygda - gjennom 100 år er ein hyllest til alle eldsjeler - og til alle dei som villig let seg riva med i det store spelet. 


kr 250,00