KURT OLAV HELLE: Frå Lonevåg til Hollywood - Bygdeurbanist med skrivekløe

Denne utgjevinga er årets mest underhaldande bok.
    «Norges mest profesjonelle leserbrevskribent», har Finn Bjelke kalla Kurt Olav Helle. Som 39-åring i 2003, hadde han skrive 1200 lesarbrev til landets aviser og magasiner. Rundt 600 var blitt refusert. Det vert sagt om Kurt Olav Helle at han skriv fortare enn sin eigen skugge.
    I dei første lesarbreva i Dagbladet mot slutten av 80-talet tok han skrekkfilmen i forsvar. Statens filmkontroll og NRK fekk det glatte lag. Seinare vart han spaltist og flittig skribent i Filmmagasinet, musikkavisa Beat, Natt & Dag, Dagbladet, VG, Bergens Tidende, Bergensavisen, Nationen og lokalaviser som Bygdanytt, Strilen og Ostringen. Redaktør Nils Rune Langeland i Syn og Segn trykte Kurt Olav til sitt bryst først på 2000-talet. Her finn ein kanskje essensen i det skribenten har bobla over med desse åra - tankar kring film, populærkultur og forholdet mellom bygd og by.
    Kurt Olav Helle signerte alltid innlegga med 5282 Lonevåg. Ingen andre har som han sett kommunesenteret på Osterøy på kartet.
    Sambygdingen Bjarte Vik har samla tekstane i 18 kapittel og skrive innleiing til kvart kapittel. Boka er krydra med små sitat og gullkorn.  
    Korleis dagens unge lesarar vil ta imot Kurt Olav Helle, gjenstår å sjå. Det som gjekk for ironi tidlegare, kallar ein no krenking. «Ett leserbrev til, og vi kommer ut på Osterøy for å skambanke både deg og sjefen for bygdekinoen din», skreiv redaksjonen i Natt & Dag i 1997. Slikt går ikkje i dag. Slik sett er denne boka eit viktig tidsvitne. Ironigenerasjonen er i ferd med å dø ut.

    Etter at Kurt Olav Helle fekk Parkinson-diagnose for nokre år sidan, har han funne andre og meir teknologiske plattformar enn lesarbrevspaltene for å få utløp for all kreativiteten. Det er laga to dokumentarfilm om han, og film nr. 2, der Kurt Olav vitja Hollywood, vart lansert samstundes med boka.
    Ein kan meina og seia mykje om Kurt Olav Helle, men han er ikkje keisam. Eit godt poeng og ei god formulering tel stundom meir enn innhaldet. Han bryr seg slett ikkje om å vera politisk korrekt. Helst vil han provosera, eller i det minst pirka borti oss snusfornuftige middelhavsfararar.

kr 250,00