BERIT VATNE VIK: Bakom kvite skyer

Bakom kvite skyer er ein frittståande roman, men lesarane vil kjenna igjen persongalleriet frå dei tidlegare bøkene hennar med handling frå vikingtida. Dette er ei allalderbok som vil passa for lesarar frå 12 år, men vaksne vil ha like stor glede av boka.

På Hjaltland (Shetland) går Hallgjerd og ventar på kjærasten Torarin, som held til bakom dei kvite skyene i aust. Ho har orda til bestemora i øyra: "Bakom dei kvite skyene, der ligg heidningelandet Noreg". Hallgjerd lengtar etter den store kjærleiken. Torarin har lova at han ein gong skal koma attende til henne, men kor lenge kan Hallgjerd venta? Ho bur åleine på garden med bestemora, og ho pressar på for at den noko eldre naboen Unas skal få innpass.

Berit Vatne Vik held seg i skjeringspunktet mellom sanning og løgn. Historiske personar og hendingar er fletta inn i forteljingane hennar. Ho brukar eit fortetta, innhaldsrikt og vakkert språk, og skriv eit nynorsk det er ei glede å lesa. Forfattaren har lagt seg på eit litt meir moderne nynorsk enn tidlegare bøker. 

kr 200,00