Gunnar Nordstrand: Blad frå korporal 2468 si dagbok 1941-1945

Forlagssjef Bjarte Vik har fått vore fødselshjelpar for denne vesle boka med utdrag frå dagboka som Gunnar Nordstrand (1921-2013) frå Austevoll skreiv under krigen. 

Boka er ein svært interessant og velskriven dokumentasjon om tida til Gunnar i Skottlandsbrigaden i åra 1941 til 1945. Boka er innbunden, illustrert med foto og på 59 lettlesne sider. Boka var tiltenkt slekt og familie, men fortener verkeleg å nå ut til fleire.   

Dottera Linda Nordstrand Tysse skriv i føreordet: "Det finst mykje historisk dokumentasjon frå 2. verdskrig. Gjennom filmar, bøker og bilete får me kunnskap om grufulle handlingar, kampar og sigrar. Me blir kjende med store heltar som sette livet på spel og gjorde ein viktig jobb for motstandsrørsla og fedrelandet vårt. Det som kanskje ikkje er like godt dokumentert er kvardagane til dei mindre kjende heltane; den enkelte soldat sine subjektive opplevingar og kjensler. Midt i sin beste alder var det mange som sette skulegang og utdanning på vent, forlet det dei hadde kjært og kjempa for eit fritt Noreg. Ein av desse heltane var pappa, Gunnar Anton Nordstrand".

kr 175,00