BERIT VATNE VIK: Dagen om natta

Dagen om natta er ein roman om det å vera annleis og utstøytt, men det er samstundes ei hylling til fantasien og draumane. Ingebjørg Nilsdotter Vatne, ei ung, vakker og livleg jente, opplever den store kjærleiken i livet, Jakob. Dei planlegg bryllaup då det tragiske hender, Ingebjørg blir spedalsk. Jakob vil ikkje vita av ho meir, og ho blir meir og meir isolert frå andre folk. Men Ingebjørg lever dagen sin om natta.

Berit Vatne Vik er fødd 1933 i Seim i Nordhordland. Ho har gjeve ut sju romanar. Dagen om natta er bygd på slektsoga til forfattaren.

«Les den og bli rørt til tårer og tenk på alle de usynlige bøkene som kommer ut midt i flommen av bestselgere. Grufullt og hjerteskjærende er det, men samtidig så uendelig vakkert beskrevet.»
ANNE B. RAGDE

«Berit Vatne Vik brukar akkurat passe med ord, passe lange setningar. Passe luft. Slik at ein kan dikta seg inn i historia, landskapet. Nøkternt, poetisk, pregnant.»
ARNT BIRKEDAL 

kr 250,00