Ungdomssynder signert forlagssjefen 2

18.01.2020

Under vignetten «Ungdomssynder signert forlagssjefen» vil me no og då presentera meir eller mindre pinlege smakebetar frå gulnande ark og krølla avisutklipp henta opp frå eit djupdykk i skrivebordsskuffa til forlagssjef Vik. Dagens tekst er frå dagane rett etter at den framtidige forlagssjefen var uteksaminert ved Odda Gymnas, og stod på trykk i lokalavisa Bygdanytt sommaren 1988. Innlegget fekk ingen skriftlege tilsvar, men vart nok kanskje kommentert på lokale bygdedansar i vekene etterpå.  


TØFFE JENTER

Av Bjarte Vik, juli 1988


«Forbaska bra!». Tenåringsjenta smilte og trampa takta med foten. Eg vart sjokkert. Det var riktig nok liten grunn til å reagera sopass sterkt emosjonelt. Eg burde ha lært det no, at eg ikkje skjønar meg på ungstyvingar av det motsette kjønn. Dessutan har eg eit traust og roleg gemytt, som sjeldan lar seg påverka av daglegdagse hendingar. 

Eg vart glad òg. Endeleg dukka det ein meiningsfelle på det musikalske området her på Øynæ. For jaggu likte ho «Dumdum Boys», jenta. Og ho støtta meg fullt ut i kravet om å spela «En vill en» frå Trondheimsgruppa sin nye råsterke LP. «Den e` tøffare enn toget», sa ho. Denne fastslåinga gjorde ein musikalsk frikar (sett frå eit komerst synspunkt) lett til sinns.

No var her også noko meir listetopporientert ungdom til stades. Men trass i høglydte protestar i form av fy-rop og anna bannskap, gjekk kravet vårt gjennom. Nok eit prov på at kamp nyttar, berre ein viser samhald og styrke. 

Kvifor vart eg so sjokkert? Jau, det har med inngrodde og fasttømra haldningar å gjera. Eg som dei flest andre er flaska opp med samfunnets kjønnsrollemønster. Soleis «visste» eg kva sort musikk jentene på Osterøy diggar. Listepop, «10 i skotet-møl», disco, bakgrunnstøy, kommersielt kliss osv. Kjært barn har mange namn.

«De har ikkje godt nok utvikla musikksans», slo eg forakteleg fast når dei rynka på nasen av platesamlinga mi. Eg som hadde reist ute i den store verdi, fnyste av desse som sannsynlegvis snoka i platerillene på Lonevåg Samvyrkjelag.

Eg trudde Osterøyjentene var musikalsk frustrerte, hjelpelaust fanga i plateselskapa sine «toskagadn». Men der tok eg grundig feil. Sjølvsagt finst det tøffingar blant «det svake kjønn» også her på bjerget. Jenter som har gjennomskoda kapitalens mange dopingmiddel for å pasifisera og profittera på ungdomen. Som har avslørt den kommersielle musikkens hule og fordummande rytmar, underhaldningsbransjens falske illusjonar og reklameindustriens diskriminerande førestelling om det perfekte ungdomsidealet. Jenter som tykkjer Sinita er gørr, og som meiner rock fortsatt bør stå for opprør. Ja, som endå til meiner det einaste fornuftige i dagens samfunn er å vera opprørar. Jenter som diggar «Dumdum Boys» og som står på krava. Det er slike gamle Noreg treng.

Det er nok sikkert mange av lesarane som synest eg no har kome langt ut på viddene. Trass alt har eg treft berre ei ung kvinne med same musikksmak som meg. Mulig det, men inntil det motsette er bevist, klamrar eg meg til håpet om at Osterøy kryr av jenter som er «tøffare enn toget».