Ungdomssynder signert forlagssjefen 

26.11.2019

Under vignetten "Ungdomssynder signert forlagssjefen" vil me no og då presentera smakebetar frå gulnande ark og krølla avisutklipp henta opp frå eit djupdykk i skrivebordsskuffa til forlagssjef Vik. Dagens tekst vart brukt til litterær analyse på juletentamen ved Odda Gymas i 1988. "Tolk denne teksten", lydde oppgåva til dei stakkars elevane. Ja, prøv den som kan!    

O, DU HERLEGE SUMARNATT

Av Bjarte Vik, juli 1988

Du skal ikkje sova bort sumarnatta syng Henning Sommerro so vent i songen. Like eins lokkar radioen lydarane til seg med liflege tonar og sprelske rytmar når klokka nærmar seg leggjetid. Ved hjelp av småprat og smektande kjærleiksmelodiar freistar nattradioens medarbeidarar å oppretthalda myta om den store sumarforelskinga.

Ungdom, venleik og lukke er stikkord i kringkastinga sine nattsendingar. Dette er tida då vakre forelska par går tur langs vasskanten i den lyse heite sumarnatta. Varsamt og ømt elskar dei i sivet. Våren med dens yre kåtskap og kjappe eventyr er forbi. Slutt på pubertetsknis og klamme hender. Tenåringane var brått modne. I wanna dance with somebody strøymer ut frå Marienlyst sine dunkle korridorar. Ut i eteren, ut i sumarnatta. Ut til den solbrune kjærleikshungrige ungdomen, som ligg i graset. I armkroken til kjærasten. Skulefri og ingen suter. "Den som berre var ung igjen", tenkjer dei vaksne.

Draumar og falske illusjonar. Ein bløff av dimensjonar, kreert av media og reklame. Sanninga er nok mindre rosenraud enn det underhaldningsindustrien prøver å innbilla oss. 

Sumaren er tida då tenåringar ikkje får lov til å vera unge. Dei må arbeida og streva som dei vaksne. Ta seg dritjobbar for å tena pengar til utdanning eller bil. Tåla underbetaling, kjeft og sexpress. Nettene må nyttast til soving, ikkje flørting. Røyndomen er jaggu hard.

Kjærleiken har lite med lyse sumarnetter og inkjeseiande amerikansk listepop å gjera. Kjærleiken går ut på å gjera ting ein ikkje er heilt sikker på. Den har med mot å gjera. Og med oppvask og bleieskift. Kjærleiken er ingen illusjon.

Alvorstunge og seriøse tankar i vårt kjære lokalmedia. Ta dei med ei klype salt. Sjølv skribentar har draumar og falske illusjonar.