Signingsferd til Knarvik

24.11.2019





Det blei ein humørfylt time då ein sprelsk «Kule Kurt» Helle kulturkolliderte med trauste strilar på Knarvik Senter laurdag ettermiddag. Det var sjølvsagt stort å vita at sjølvaste Gunnar Staalesen hadde sete ved same signeringsbord berre nokre timar før - og det vart litt krangling mellom forfattar og forlagssjef om å få sitja på same stol som skaparen av Varg Veum. 

Etter nokre svært rolege minutt ved signeringsbordet - som elles var strategisk plassert midt i døropninga til Norli bokhandel, vart det klart at her måtte bygdecowboyen ta alvorlege grep, skulle det vera von om å få noko meir enn eit mikrosekund blikkontakt med dei lokale forbipasserande. Kurt`n fyrte frå hofta med opningsreplikkar som «Vil du lesa sjølvbiografien min?», «Når opna du ei bok sist?», «Dette er ekte rock`n roll!» og «Her kan du lesa om bygdadansane på syttitalet». Sikkert uvant kost for både radværingar, seimarar og lindåsingar frå meir urbane strok av den komande storkommunen Alver. Heldigvis var det lett å lokka fram smilet hjå strilane - ein smule lettare enn å lokka fram setleboka - men «me fekk no iallfall sådd mange frø», som Kurt`n sjølv formulerte det. 

Elles er det stas å koma inn i ein skikkeleg bokhandel som Norli i Knarvik. Her er boka i sentrum, og lokale forfattarar og bøker blir løfta fram på ein sympatisk måte.