Berit Vatne Vik: Om barndom og oppvekst

16.03.2020

Berit Vatne Vik debuterte då ho var 66 år, men bestemte seg tidleg for å bli forfattar. Ho seier sjølv: «Akkurat å skriva bøker hadde eg liksom tenkt meg frå det same eg lærte bokstavane. Men eg har hatt mykje eg har hefta meg åv med. Forfattaren i meg hadde alltid litt dårleg samvit for at eg hadde det så artig med alt anna.»

«Eg er fødd i 1933 - med tidleg barndom i dei harde trettiåra. Me var fattige, men det var dei fleste på den tida. Eg hadde ein trygg heim. Om morgonen fann eg treskorne mine på trappa og så sprang eg ut og tok naturen i bruk. Naboguten og eg klatra i tre, sprang i skog og mark og fanga aure under steinane i elva. Eg gjekk ut og inn hjå naboane. Dei gamle på garden var venene våre, og fortalde mykje kjekt. Verda rundt oss var trygg. Og så voks eg opp i ei historisk bygd. Frå vindauga på kvisten min såg eg Tora Mosterstong sin gravhaug der det stod to store bautasteinar. Naboguten klatra alltid opp på den høgaste, og eg på den minste. Og så grov me i haugen etter gamle skattar, men me fann aldri noko! Tora Mosterstong var mor til Håkon den Gode. Gravhaugen hans låg ute ved kyrkja i Seim.

Ein fekk eit nært forhold til Noregssoga når ein vaks opp i Seim. På skulebiblioteket fekk me låna med oss «Snorres kongesoger» heim. Eg starta tidleg med å masa om bokstavane, og knekte lesekoden før eg begynte i skulen. Ettersom eg vaks til fekk eg ofte kjeft for å sitja med nasen i ei bok støtt. Far si eldste søster, Inga-faster, hadde også vore slik. Ho hadde ein liten kul i panna, og far min sa ofte at visst eg ikkje slutta med den fæle lesinga mi, kom eg òg til å få ein slik kul!

Det var Inga-faster som fortalde meg om den spedalske Ingebjørg i kammerset. Ho hugsa henne. Det var søster til oldermora mi. Ingebjørg døydde i 1902, og då var Inga 15 år. Det gjorde inntrykk på meg at Ingebjørg hadde fått ein lovnad frå Gud om at ingen fleire i hennar slekt skulle bli spedalske. Eg såg det heile tydeleg for meg, og bestemte meg for å skriva ei bok om Ingebjørg når eg vart stor! Så var eg alltid interessert i alt gammalt, og spurde og grov. Inga-faster var ei som hadde mykje å fortelja. Og ho hadde vore flink til å mala, dermed vart eg interessert i maleri også. Dessutan var ho ei dame som gjorde akkurat det ho ville, så ho var litt av eit ideal. Eg har alltid hatt sansen for damer som gjer akkurat som dei vil.»