Sprelsk boklansering

11.10.2019

Kva var meir naturleg for ein "bygdeurbanist" enn å leggja boklanseringa til Osterøykroa i heimbygda. Publikum fekk oppleva to kveldar med bokbad, framsyning av dokumentarfilmen Kule Kurt 2 - Cowboyen drar til Hollywood og eit heidundrande liveshow med musikk av Kurt Braun, Kurt Olav sjølv og dyktige lokale musikarar. Ei vellukka film- og boklansering er overstått, men Kurt Olav Helle kviler ikkje på laurbæra. No vil han ut på turné! Med mange lokale heltar mellom publikum på bokbada, vart det fleire nostalgiske innslag med lokalhistorisk vri. Kurt`n er eit fyrverkeri av ein mann og skaut frå hofta - som det sømer seg ein «bygdeurban cowboy». Her eit av boksitata som Helle las opp:

AVANSERT BLANKBRUSBLANDING

«Det var fine tider på dei gamle joletrefestane på 70-talet, der ein drakk småflasker med Cola og Blankbrus, og slo hol i korken med ein spikar og supte i seg dei edle dråpar. Seinare, etter konfirmasjonen, når ein gjekk på sjettedagsdansen i ungdomshuset på Skaret, fekk ein ei innføring i blankbrusblanding for vidarekomne. Brukte ein juletrefestteknikken og supte den heimalaga blandinga i seg med sugerør, dansa det både englar, jolenissar, stjedner og månelys framfor ein, før ein vakna opp dagen etter og registrerte at no var det like før rakettane skulle til himmels.»
(Ostringen 19.12.2003)