Ny idrettshistorisk bok på Leirfuglen

12.12.2019

Årets idrettsbok frå Leirfuglen vil passa for alle idretts- og kulturhistorisk interesserte frå Osterøy og nærområdet. Ei lettlesen, nostalgisk og forvitneleg bok.  143 sider, mjukt omslag, rikt illustrert. Fraktfri levering på Osterøy. Bestill boka no, og du er sikra julelektyren.  

Om boka

I 2019 fyller Hjellvik IL 60 år. Men idrettslivet i bygda starta alt under første verdskrig, då ein gjeng lokale unggutar i nokre år dreiv idrettslaget Snøgg. Boka nøstar opp i dette nesten ukjende kapittelet av kulturhistoria på Osterøy.

«Vi mangla idrettslag, men ikkje idrett», heiter det om perioden fram til 1959. Boka gjev nostalgiske og morosame glimt frå fotballkampar på Brubakkane og Raknesholmen, ekstremskiturar til Brøknipa, friminuttsleik og farefulle stavhopp med hesjestaur på skuleplassen, 17.-maistafettar mellom bygdelaga og glanstida til guteklubbane på femtitalet. Med varme og humor ser fleire gjesteskribentar tilbake på oppveksten - då det var «vinter om vinteren og sommar om sommaren».

Våren 1959 heldt Hjellvikvåg IL sitt første styremøte i ein rutebuss. Friidrett, langrenn og orientering stod på programmet, men snart femna idrettslaget breiare. Boka skildrar gullalderen for skiidretten på 1970-talet, åra som stadgruppe i Osterøy IL, skipinga av Hjellvik IL i 1986, sesongane med A-lagsfotball, samanslåinga med Valestrand IF, den sterke dugnadsånda og den unike utbygginga av idrettsanlegg dei siste par tiåra. Og sjølvsagt mykje, mykje meir.

Boka er ei herleg blanding av fakta, muntre historier, små tilbakeblikk frå aviser og årsmeldingar - og ikkje minst tekstar frå gjesteskribentar med stor forteljarglede. Den er eit viktig bidrag til vår nære kulturhistorie og bør vekkja leselyst og interesse langt utover Hjellvik-bygda.

Idrettsliv i Hjellvik-bygda - gjennom 100 år er ein hyllest til alle eldsjeler - og til alle dei som villig let seg riva med i det store spelet. 

Ein minnerik tur

Gutane på fotoet er mellom dei mest aktive i Hjellvikvåg IL frå starten i 1959 og utover på 1960-talet. Dei sprang terrengløp, gjekk skirenn, sprang orientering, gjekk på skøyter - og spelte fotball på bøar rundt omkring i bygda. Bildet blei tatt under ein minnerik korps- og fotballtur til Manger i 1961. Det var avtalt ein venskapskamp mellom Hjellvik-gutane og lokale heltar, men ostringane fekk sjokk då dei såg kven dei skulle møta - ein gjeng vaksne A-lagsspelarar. Manger hadde misforstått og trudde det var A-laget til Osterøy som kom på besøk. Kampen enda med 11-0 til heimelaget, og Manger-målvakta fekk knapt nok vera borti ballen.  Fotograf: Kjell Simonsen.     

Fotogalleri