– Eg er redd media

29.11.2019

- Eg er redd media

Av Bjarte Vik

Portrettintervju i Ostringen januar 1990

Petitskribent, mediafant og lonevågar Kurt Olav Helle har teke steget ut i den store verda. 26-åringen starta i januar opp med sitt andre år på den velrenommerte London International Filmschool. Komande jul avsluttar Kurt`n utdanninga si innan den edlare filmkunst.

Frilansjournalist og sambygding Bjarte Vik vitja filmstudenten på 90-åras første uskuldsblåe dag. Til ein prat om filmskulen, media, skrivekunst, samt kameratsleg utveksling av eldgamle minne frå ei svart svunnen ungdomstid.

Eg er redd media, er hans første kommentar i døropninga øvst i Nesjavegen, like ved brannsirena. Ei brølande sirene halve Lonevåg bråvaknar til nattestider. Men aldri Kurt`n. Eit fenomen som i si tid imponerte ein heil generasjon no vaksne ungdomar i Lonevåg.Og på 70-talet var dette ein stor og mangslungen flokk me alle er glade for å ha vakse opp i.

Denne evige studenten har alltid vore framfus i media med sin særeigne stil. Det er mange år sidan Kurt`n underheldt veneflokken i Nesjavegen med ravgalne Dagsrevyimitasjonar. Sidan heldt han fram i same lei. Starten daterer han til sommaren 1983, då ei melding frå «Lava» sin konsert i Fotlandsvåg vart trykt i Bygdanytt. Seinare har han liva opp med ymse ytringar og matnyttig stoff både lokalt og i andre fora. Rett nok med ein stogg etter ytringa «Er det fårleg å skriva lesarinnlegg i Bygdanytt?», året 1986.

- Eg oppdaga at skriveri i lokalpressa er som å leggja hovudet på hoggestabben. Eg er vel dum nok til å stikka meg fram no og då, seier han.

Eg freistar fånyttes å forklara han at dette har med mot å gjera, ikkje dumskap. Privat er nemleg Kurt`n noko meir smålåten enn ostringane har fått inntrykk av gjennom lokalpressa.

- Det er for lite hobbyfilosofiske ytringar i lokalavisene. Men eg ser ei positiv utvikling. Sjølv avisleiarane har blitt kvassare med tida. Sjølv har eg fått mange reaksjonar på det eg har skrive, kan hende mest negative, fortel Helle og gliser nøgd.

- I ein hard avisdebatt vart du skulda for å vera ein kranglevoren kverulant. Stemmer det?
- Kanskje, men eg går ikkje bevisst inn for å vera det. Eg trur mange av tankane mine ligg og ulmar ute mellom folk. Mangt eg skriv er sett på spissen, og enkelte skjønar ikkje ironien i det, svarar Helle.

- Det beste av det du skriv gjev meg verkeleg eit kick. Andre ting er for høgtravande banalt for meg. Kan du karakterisera skrivestilen min?

Satire og ironi er viktige stikkord. Best likar eg å boltra meg i eventyrforma. Eg tilhøyrer Beat-generasjonen med hud og hår. Har vorte flaska opp med støyande «morfologiske ordorgasmar» i den stendig oppegåande musikkavisa.

Skrekkfilm
- Men alt dette er fortid. Kan me ikkje tala om det som opptek meg no, nemleg filmmediet?Kurt`n har fått ei utolmodig rynke i panna. På positivt svar snur han tilfreds Lisa Stansfield-plata som snurrar med vellyst i bakgrunnen. Eit kritikarrost album i haugen med gamle Eagles-plater. Jau då, livet kan vera herleg ein nyårsdag.

- Interessa for film utvikla seg frå ein biletleg start med teikneseriar då eg kraup or bleiene på 60-talet. Sidan stod rocken i fokus med deltaking i lokalt band. Dansen i ungdomshuset på Vik vart vel ikkje nett som den kring gullkalven.

 - Kvifor akkurat film, Kurt? Kva er det som fascinerer deg?
- Som 14-åring sneik eg meg inn på «Dracula» på Grønskaret to år for ung. Etterpå måtte eg gå åleine heim i stupmørke vinterkvelden. Det heile var ei sjokkarta oppleving som nok har prega meg sidan. Grøssar-genren har lege hjarta mitt nærast etter dette, fortel Kurt`n på typisk vis.

To år før dette fekk han sitt første super 8-kamera.- I ungdomen byrja eg å abonnera på utanlandske tidsskrift som handsama film og video som kultur. Noko som ikkje alltid vert gjort i Noreg, slår han fast.

- Ein god film kan gjera noko fantastisk med deg. Løfta deg opp or din eigen kvardag, og halda deg svevande i di eiga sfære oppunder taket i det mørke kinolokalet. Eg trur altfor mange går på kino berre av sosiale grunnar, seier Helle alvorsamt. Og ler godt etterpå.

Etter m.a. norskstudiar og garverijobb i Kårvika, søkte 26-åringen «London International Filmschool». Skulen fann det innsende stoffet hans interessant, og svara positivt på søknaden. Dermed vart det studiar i den britiske hovudstaden, der han no bur på KFUM sitt hybelbygg.

- Åtte andre nordmenn går på filmskulen. Om lag 40 norske har studert her før, av dei ingen ostringar, seier han.I så måte er Kurt`n altså ein historisk person. Han kan fortelja om gode lærekrefter og utviklande studiar i eit internasjonalt miljø.

- Me får ei grundig innføring i delemna klipping, lyd, kameraføring, kulissar, kostymar, manus og filmmusikk. Me er også innom dei ulike genrane.

Kortfilmar
Studentane ved filmskulen får også prøva seg med eigen filmproduksjon. Til no har ostringen vore hovudmann bak to kortfilmar, ein grøssar og ein i standard detektimestil. Etter underskrivne si meining viser arbeida kimen til noko spanande. Dei er profesjonelt laga, med skodespelarstudentar som aktørar. Etter påske startar Kurt`n saman med ei gruppe andre studentar opp filminga av ein noko lengre film. Manus står sjølvsagt Kurt Olav Helle for.

- Korleis er det eigentleg der ute i den store verda? Overgangen frå millionbyen til Lonevåg må vel vera stor?
- I det nære merkar eg forureininga mest. London er ein by det er vanskeleg å pusta i. Det er godt å koma heim og reinsa lungene. Elles er ein kome mykje lengre innan media, sjølv om utviklinga går fort her i landet også. Lokalt ser vi det på dei tallause videosjappene som dukkar opp.

- Tykkjer du lokalpressa klarar å følgja opp utviklinga?
- For få år sidan tilbaud eg ei lokalavis å skriva film/videomeldingar. Svaret var at dette ikkje var avisa si plikt å informera om. No får dette stoffet stor spalteplass i same avis. Med rette vert dette rekna som godt stoff. Men eg tykkjer at rock- og filmkulturen framleis vert handsama på husflidsstadiet i lokalavisene.

- Men Kurt, har du ikkje høyrt om parabolborn og nedsløva videoslavar?
- Sjølvsagt er det noko gale når språklause idiotar i Ramboklassen toppar listene. Personleg synest eg bråket utanfor Pepperkverna ein fredagskveld er meir spanande å følgja enn å nistira på banale actionfilmar. Likevel er det for mykje hysteri kring det heile. Eg trur feilen ligg i at folk manglar bakgrunnskunnskap, svarar Kurt.

- Biletmediet må inn i skulen, me må læra oss å verta kritiske. Parabolborna må kunna tolka film på same måte som dei tolkar bøker og dikt. Hugs at biletmediet har enorm påverknadskraft.

Ja då, Kurt`n kan vera litt redd dette medieskrømtet. Av fleire årsaker. Sist han var frampå med ordkunstane sine i lokalpressa, var det ein som ville mørkleggja bilen hans med god feit kyramøk. Så profet i eiga bygd er det vanskeleg å verta. Opp gjennom åra har han fått kjettarmerket stempla i panna mang ein gong. Me ostringar er vel noko hårsåre når me brenn for ei sak. Enten det gjeld bondekultur, fråhaldsaka eller kva som bør skrivast og ikkje skrivast.

Frigjerande frisk og kreativ som få er Kurt`n. Evna til konsentrert jobbing over skrivemaskina eller bak filmkameraet kan ein misunna han.

- Så går du no med ein Spielberg i magen?
- Eg har ingen draum om noko slikt. Men eg ønskjer meg ein jobb innan media/film, i første omgang som assistent. Ungdomsarbeid interesserer meg, så ungdomar kan berre ta kontakt dersom dei er interessert i filming med videokamera eller Super 8. Kanskje ein slik aktivitet er midt i blinken for uorganisert ungdom, avsluttar Kurt Olav Helle.