20-årsjubileum som forfattar

11.10.2019

Denne hausten er det 20 år sidan Berit Vatne Vik debuterte som forfattar. Sidan romandebuten med «Leirfuglen» på Samlaget i 1999 har det blitt åtte bøker, dei tre siste utgjevingane på Leirfuglen Forlag. No kjem Berits største boksuksess, «Dagen om natta», ut i ny utgåve. Boka har vore utseld og etterspurt i mange år. Forlaget er utruleg stolt over å presentera denne bokskatten for nye lesarar. 

Dagen om natta er ein bok som passar for alle aldersgrupper frå 12 år og oppover. Forfattar Arnt Birkedal kåra romanen til den beste barne-og ungdomsboka då den først kom ut i 2003: "Berit Vatne Vik brukar akkurat passe med ord, passe lange setningar. Passe luft. Slik at ein kan dikta seg inn i historia, landskapet. Nøkternt, poetisk, pregnant."

Anne B. Ragde skriv dette om Dagen om natta: «Les den og bli rørt til tårer og tenk på alle de usynlige bøkene som kommer ut midt i flommen av bestselgere. Men noen av dem finner likevel sin leser! Denne er lagt langt tilbake i tid, til den gang lepra-basillen herjet. Spedalskheten. Grufullt og hjerteskjærende er det, men samtidig så uendelig vakkert beskrevet. De siste sidene leste jeg gjennom tunge slør av tårer.»

Finn fram lommetørkelet og ta plass i godstolen.