Bjarte Vik

20.11.2019

Bjarte Vik har jobba som lektor ved vidaregåande skular i mange år, men hoppa av tredemølla for å følgja draumen om å bli forfattar og gje ut eigne og andre sine bøker. No er han forlagssjef for Leirfuglen Forlag på fulltid.

Som ein ser på bildet frå midten av 80-talet, har Bjarte alltid likt å skriva. Han har jobba som journalist i Strilen og Ostringen, og har også levert stoff til magasinet Kondis. Bjarte var redaktør for 100 års jubileumsboka til Osterøy IL i 2018 og fekk også utfalda seg som skribent i boka til Kurt Olav Helle; Frå Lonevåg til Hollywood.  

Mange kjenner nok Bjarte som langdistanseløpar og treningsguru. I tillegg til studiar i norsk og historie, har han hovudfag frå Norges idrettshøgskole. Med spesialinteresse for idrett og historie er det ikkje anna å venta at det kjem fleire idrettshistoriske bøker - no først boka Idrettsliv i Hjellvik-bygda gjennom 100 år i desember 2019. Neste bok er ei samling "skoser" - små artige og spesielle anekdotar frå idrettslivet i Nordhordland siste 100 år. 

 
Forlagssjefen jobbar alltid med fleire parallelle prosjekt, og det er ingen grunn til å bli overraska viss han også kjem ut med meir skjønnlitterære bøker ein vakker dag.