Berit Vatne Vik: Møte med Olav H. Hauge

24.11.2019

OLAV H. HAUGE PÅ HAUGE

Av Berit Vatne Vik

"Er mannen vorten kjend og stor nok, er alt han sa og gjorde forvitneleg, kor smått det er", står det i ei av dagbøkene hans.

I 1968 var eg på to litteraturkurs der Olav H. Hauge var til stades. Gartnaren frå Ulvik, som i år vert feira med 100-årsjubileum. Den som har høyrt Hauge lesa eigne dikt, kunne lett verta bergteken, og det vart eg.

Det er den draumen me ber på
at noko vidunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge hadde ein veldig sterk aura. Det merktest når han var i rommet. Kanskje det var tankane hans som var så sterke? - "Tanken. Tanken er det finaste som finst", sa han.

I 1986 var me forlengst flytta til Lonevåg. "Galleri Osterøy" var skipa i 1984. Langt inni meg hadde eg ein draum om å få Olav H. Hauge til Osterøy. Han hadde gifta seg med Bodil Cappelen, ein kjend og dyktig biletvevar.

- Tenk om Bodil Cappelen ville stilla ut teppe i "Galleri Osterøy"?
- Tenk om ho ville koma til opninga?
- Tenk om ho hadde Olav H. Hauge med seg?
- Tenk om han ville lesa dikt?

Brev vart sendt. Brev kom tilbake. Bodil Cappelen ville gjerne stilla ut i "Galleri Osterøy", men ho hadde ikkje fleire teppe. Me kunne spørja om å få låna "Foss i svart berg" hjå Bergen Billedgalleri. Derimot kunne me få stilla ut original-akvarellane til ABC-boka som skulle koma på Samlaget til hausten (1986). Og ho ville gjerne koma på opninga. "Det kan jo hende at Olav H. Hauge (som jeg er gift med) også blir med."

Galleriet allierte seg med Folkeakademiet for å finansiera opplegget, og med Osterøy Mållag for at flest mogleg skulle få del i dette. Oddmund Vevle var formann, og me planla bok- og bladkveld på Hauge med Olav H. Hauge. Det ville låta bra!

Bodil Cappelen godkjende opplegget, med forbehold: Me kunne ikkje reklamera med Olav H. Hauge. I månadsvis gjekk me og funderte på kva me kunne ha i bakhand om han ikkje kom, eller ikkje ville lesa!

Så kom endeleg dagen, fredag 14. november.

Dei skulle overnatta hjå oss. Eg var i galleriet og venta på dei. Grudde meg fælt, både til han skulle koma, og endå verre: At han ikkje kom.

Den vesle bilen til Bodil Cappelen stansa framfor galleridøra. Olav H. Hauge steig ut. Letten var stor, men eg såg med ein gong at han var litt sur. Eller kanskje han berre var trøytt? Det var ein lang biltur frå Ulvik til Osterøy. Det stakk litt i samvitet mitt. Kva hadde eg no stelt i stand?

"Foss i svart berg" var kome på galleriveggen. Dei tykte det var kjekt å sjå teppet att. Det var Hauge som hadde gjeve det namn. Ho likte utstillingslokalet. Bileta skulle me hengja opp i "Framhall" om kvelden, og flytta dei hit att neste dag.

Så skulle me heim til oss i Nesjavegen. Bodil Cappelen køyrde om Neset, og eit stykke oppe i brekka stansa ho bilen. Der låg løa til Ivar i Neset på høgre sida av vegen. Eg har aldri opplevt eit humør som har snudd så fort. Olav H. Hauge vart så begeistra for løa til Ivar'n at han kom i storslag. Det var berre litt brakakledning som skulle til. Seinare vart alt berre velstand.

Etter middagsluren ville dei sjå seg om. Det regna, og det var nett då dei grov ut tunellen til Bysheim, så Lonevågen var ei einaste grebba. Men dei var levanda opptekne av alt dei såg, og det var inga tilgjersle då dei sa at det var så fint her!

Om kvelden var det bok- og bladkveld på Hauge. Gjestane frå Ulvik var i storform. Ovundra den fine salen i "Framhall".

Ånda. Akvarellane vart hengde på veggen. Bodil hadde fått fram humor og poesi i bileta. Me såg kor vakker ein stor H kunne vera mot ein blå himmel. Tekstane som Hauge hadde dikta, var ofte underfundige, sagt med ein liten rev bak øyra.

Dei nynorske bøkene for 1986 låg på borda. Mellom dei Hauge sine samla dikt. Dei ferske ABC-bøkene frå Samlaget dominerte.

Folk fylte salen Jon Jelmert spelte fele. Han og Bodil kjende kvarandre frå før. Bodil Cappelen synte lysbilete av akvarellane. Og underet hende: Olav H. Hauge las tekstane til.

Alle var storleg nøgde, og formannen i mållaget og eg pusta uendeleg letta ut!

Før dei reiste heim att neste dag, tok Nils Nonås oss med til Svenheim, til det gamle ledet der. Han fortalte om dei som gjekk for presten i Hosanger og skar eit hakk i grinda for kvar gong. Ei soge som greip Hauge. Det var skodde og regn, men han merka seg mange halvgøymde kulturminne.

I dagboka skreiv han om turen til Osterøy. Etterordet lyder slik: "'A beautiful vista'. Sermerkt utsyn. Frå øvste skardet i Kossdalen var eit langt utsyn mot vest, mot Hosanger. Det var regn då me stod der. 'A beautiful vista' ville ein engelskmann sagt."

Etterpå tok Nils Nonås oss med til Osterøy museum. Det var gildt å syna fram kulturskattane våre til så oppglødde gjester. Dei ville koma tilbake på "Liv i gamle stover" sommaren etter, og gledde seg til å sjå Bullahuset og Havråtunet. "Den er så fin, den Osterøya," skreiv Bodil Cappelen seinare. Men så kolliderte det med ei tilstelling på Hardanger Folkemuseum, og sidan så vart det ikkje.

Takk til Bodil Cappelen som fekk Olav H. Hauge til Osterøy. Og takk til den gamle løa i Nesjavegen!

Denne teksten har stått på trykk i boka Osterøy i soge og samtid 2008 og i medlemsheftet til Venelaget Olav H. Hauges nr. 1 2010.