BJARTE VIK: Limet i bygda Haus Musikklag 1922-2022

Praktbok med mange foto

Denne praktboka vil passa for alle med korps- eller lokalhistorisk interesserte frå Osterøy. Boka er på 288 sider og har over 300 foto og illustrasjonar. Gratis frakt ved direkte levering, med post kjem det 150 kr i tillegg. 

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen
Design: Frank Modahl Grafiske 

Gjennom 100 år har Haus Musikklag skapt begeistring og nådd inn til menneskehjarta - i glede og sorg, i høgtid og lettliva fest. Først Mjeldalen Musikklag, sidan også Vatle Musikklag, har sett farge på det kulturelle livet i bygdene våre - ja, langt utanfor dei også. No er det over femti år sidan laga fann ut at dei stod sterkast saman. 

Korpsmiljøet har vore ein viktig kulturformidlar, spreidd glede, skapt høgtid og inspirert unge og eldre til å bli glade i musikk. Og nettopp denne oppgåva låg også nedfelt i føremålsparagrafen frå 1922 - «aa vekkja og nøra sansen for god musik, og gjennom det for alt gjævt og godt».

Når noko skal markerast i ei bygd, tyr ein ofte til det lokale korpset. Musikklaget har vore limet i bygda. Det merkast når det er borte. Heldigvis er det i høgste grad ein oppegåande og vital hundreåring som blir feira med dette bokverket. Aldri har vel korpset vore betre enn no.

Det skriftlege kjeldematerialet har vore godt og til stor hjelp, sjølv om det er nokre hol. I lagsarkivet finn ein møteprotokollar heilt frå starten i 1922 med møtereferat og årsmeldingar. Mykje godt lesestoff som til fulle viser kor viktig det er med gode skrivarar i det frivillige lagslivet. I over 20 år var alle lagsbøkene lagra i musikkrommet i Haus skule. Men så vart det bestemt at alt skulle oppbevarast i ein bankboks. Det var ei stor lukke, for i mai 1993 brann skulen ned til grunnen. Musikklaget mista alt det hadde oppbevart her, men bøkene - som ikkje kan kjøpast for pengar - låg då trygt i ein bankboks.

For mange hausingar er boka reine slektskrøniken, men forlaget håpar og trur at mange kulturhistorisk interesserte ostringar, også frå andre bygder, vil skaffa seg dette bokverket.  



kr 299,00